www.eid.vgs.no

Klimaarbeid i kommunane

Kommunane sine oppgåver og rollar grip inn i mange samfunnsområder, dermed er kommunane også ein nøkkelaktør i omstillingsprosessen til eit låg- og nullutsleppssamfunn. 

Kommunane har ei vesentleg rolle i arbeidet med omstilling til låg- og nullutsleppssamfunnet, då dei kan gjennomføre mange av tiltaka gjennom verkemiddel som dei rår over. Gjennom kommunen sine ulike roller som eigar, innkjøpar, tenesteleverandør og pådrivar kan kommunane bidra sterkt til å redusere utsleppa. Kommunen si klima- og energiplanlegging samordnar verkemidla, og er forankra i statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging.  

Fylkeskommunen si rolle som samfunnsutviklar og rettleiar ovanfor kommunane vert viktig i eit grønt skifte. Fylkeskommunen ynskjer å vere ein samarbeidspartnar og arenabyggar. Den regionale partnarskapen skal sette fokus på klimaomstilling i relevante møteplassar og arenaer for kommunane i fylket. 

Fylkeskommunen er involvert i ulike prosjekt knytt til temaet og jobbar aktivt for å sitte på relevant kunnskap som også blir vidareformidla til ulike nettverk og kommunane. Dialog og samarbeid mellom regionalt og lokalt nivå vert avgjerande for å saman få til ei klimaomstilling i Sogn og Fjordane. 

I det daglege vert dette ivareteke gjennom til dømes planforum. I tillegg tek handlingprogrammet til gjeldande klimaplan føre seg særskilde tiltak som spesielt er retta mot dei utfordringane kommunane står ovanfor (sjå vedlegg).

Miljødirektoratet har forbetra framstillinga si av statistikk for klimagassutslepp i kommunar. Meir informasjon finn du her. 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Relaterte lenker