Foto som syner grunneigar Johannes Vedvik som viser fram plassen der Luster kommune vil plassere dagsturhytta si. Vedvik er i båt og peikar inn mot land, hytta skal liggje ved sjøen i Ytre Eikum.

Dagsturhytta i Luster vert truleg plassert på Ytre Eikum, ikkje langt frå Marifjøra. Grunneigar Johannes Vedvik er positiv til tiltaket og viser her fram staden frå sjøen. (Foto: Erling Bjørnetun)

Alle vil ha dagsturhytte

Alle kommunane fylket har sagt ja til å byggje ei dagsturhytte, tre kommunar vil til og med ha to. Over 70 arkitektkontor har meldt si interesse for å vere med å teikne hytta.

– Fysisk aktivitet for alle er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det er denne visjonen som ligg bak ideen om dagsturhyttene, seier Atle Skrede, idémakar og rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

Slik det ligg an no, vil 29 dagsturhytter vere på plass rundt om i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2018.

Lågterskeltilbod

Han gler seg over at alle kommunane no har bestemt seg for å setje opp ei dagsturhytte. Jølster, Førde og Solund vil til og med ha to. Nedst i saka her finn du ei oversikt over kvar hyttene i dei ulike kommunane skal vere.

– Dette skal vere noko anna enn ein  gapahuk, men heller ikkje ei overnattingshytte. Poenget er at folk skal ha ein stad å gå inn og å søke ly. Hyttene skal gjere det meir attraktivt å vere ute og gå tur. Det skal vere ein plass å byte kle, ete matpakka si og få litt varme i seg, fortel Skrede.

Hyttene skal ikkje ha verken varme, straum eller sanitæranlegg. Dei skal vere 15 kvadratmeter og ha eit minibibliotek til bruk på staden. Det skal innehalde eit knippe nynorske bøker, først og fremst for barn. Dei første hyttene skal monterast i mai 2017, det er lagt opp til to-tre løft med helikopter og ein dags montering.

Hyttene skal finansierast med spelemidlar, tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Populær arkitektkonkurranse

Dagsturhytta skal sjå lik ut i alle kommunane og skal teiknast av arkitekt. Fylkeskommunen lyste ut arkitektkonkurransen 19. oktober, og det er sett ned ei arbeidsgruppe til å plukke ut ein vinnar.

Vinnaren av konkurransen vert klar 24. november. Arkitektkonkurransen vart varsla i Doffin tidleg i oktober. Det førte til at over 70 arkitektkontor allereie har meldt si interesse for å delta i konkurransen, dei fleste norske, men også arkitektar frå Danmark og Ungarn har teke kontakt.

Desse sit i arbeidsgruppa som skal plukke ut vinnaren:

  • Jan Tore Rosenlund, bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen
  • Geir Afdal, bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen
  • Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef i fylkeskommunen
  • Atle Skrede, nærings og kulturavdelinga i fylkeskommunen
  • Elisabeth Dahle, Forum for natur og friluftsliv (FNF)
  • Pål Fidjestøl, Sparebankstiftinga
  • ein utvald representant frå styret i Sparebankstiftinga
  • Erling Bjørnetun, Luster kommune
  • Sivilarkitekt/arkitekt MNAL, namn ikkje klart enno

Her kjem det hytter     

Mange av kommunane har alt klart føre seg kvar dagsturhytta deira skal plasserast, og mange har kome fram til stad etter innspel frå innbyggjarane. Kommunane som ikkje er nemnde under treng meir tid for å få på plass hytteplassering. Både Jølster, Førde og Solund har allereie bestemt seg for to hytter.

Her er i førebels oversikt over kvar det kjem dagsturhytter (byggeår i parantes):

  • Nyksvatnet i Askvoll (2018)
  • Gulleplet i Balestrand (2017)
  • Veten i Bremanger (2018)
  • Bygdaheia I Fjaler (2018)
  • Hatlesetnipa i Flora (2017)
  • Utsikten i Gloppen (2017)
  • Soleiebotn i Gulen (2017)
  • Siplo i Høyanger (2018)
  • Eggjahaugane i Leikanger (2017)
  • Ytre Eikum i Luster(2017)
  • Risnakken i Selje (2018)
  • Loftesnesfjellet i Sogndal (2017)
  • Pollatinden i Solund (2018)
  • Kjeretoppane i Vågsøy (2018)

For meir informasjon

Atle Skrede
atle.skrede@sfj.no
415 30 716

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00