Back to The 80ś - Årets skulemusikal på Eid vidaregåande skule

Back to The 80ś - Årets skulemusikal på Eid vidaregåande skule

80-tals musikal på Eid vgs!

I kveld fredag brakar det laust ved Eid vidaregåande skule. Endeleg skal musikalen ”Back to the 80s” som elevane har jobba med sidan rett før jul, visast fram. 

Handlinga er eit typisk high School drama, blanda inn med herlige hittar frå 80-tallet, der ”Dancing on the ceiling”, ”We are the world” og ”Mickey”, berre er ein smakebit av alle dei kjekke songane. I operahuset på fredag og laurdag får ein ikkje berre med seg flotte song og dansenummer, men også ein morosam handling der ein får med seg pinlege pubertets augeblikk, ungdomskjærleik og avkledde lærerar. Alt i alt kjem dei fleste til å kjenne seg igjen i denne musikalen, med både cheerleaders, fargerike strikkegenserar og hockeysveis på topp. Sjølv om stykket føregår på engelsk, stoppar det ingen i å ha det kjekt, både på og av scena! ”Det blir ein minneverdig opplevelse!” seier Amida Mutoka som spelar rolla ’Mel’, og ønskjer alle velkommen til operahuset kl 19.00 på fredag og laurdag! (Av: Ingrid Tykhelle Kayser)

Billettar får du kjøpt på operahuset.no og på Biblioteket på Eid vgs/Operahuset. Her finn du lenke til billettkjøp

musikalplakat.jpg

Tips ein ven Skriv ut