Bilete av Sigrun Espe og Annette Langedal Holme

Sigrun Espe og Annette Langedal Holme. Foto: Elin Østevik / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

425 000 til Skulen min

Kartleggings- og formidlingsprosjektet Skulen min går inn i sitt andre år med ferske prosjektmidlar frå Riksarkivet.

Prosjektet skal legge til rette for at lag, organisasjonar og enkeltpersonar rundt om i kommunane skal kunne samle og formidle si lokale skulehistorie på ein god måte ved hjelp av digitale verktøy.

Prosjektleiar Sigrun Espe frå nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen og prosjektmedarbeidar Annette Langedal Holme frå Fylkesarkivet gler seg til å kome i kontakt med enno fleire eldsjeler og lokalhistorieinteresserte i heile fylket.

- Vi har halde på i om lag eit år, og så langt har prosjektet vitja Hyllestad, Stryn, Flora, Gloppen og Eid, samt vore i kontakt med mange andre. Vi har vorte møtt med stort engasjement frå sogelag og historielag, lærarar og skuleelevar, tilsette i kommunar og kulturinstitusjonar og lokale eldsjeler. Veldig mange har historier å fortelje, og alle har ei rolle å spele i prosjektet, seier Espe.  

Det treårige prosjektet fekk 400 000 kroner i fjor og får 425 000 kroner i år frå Riksarkivet sine arkivutviklingsmidlar. Prosjektet får også til saman 150 000 kroner frå Statens vegvesen.

Denne veka skriv Annette Langedal Holme om arbeidet med Skulen min og om hennar eigne skuleminne på kulturbloggen:

Skulen MIN_skjermdump.JPG

Meir informasjon om skuleprosjektet:

 

Skuleprosjektet er på Instagram under namnet @skulenmin. Del gjerne dine eigne skulebilde med emneknaggen #skulenmin. 

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven