Foto av fylkesordførar Jenny Følling, som sit ved kontorpultet sin. Ho har pc, diverse papir og biletråmer framfor seg og er kledd i ein svart blazer med burgunder topp under. title=

Fylkesordførar Jenny Følling. Foto: Thor-Aage Lillestøl

23 millionar mindre i utviklingsmidlar

– Regjeringa viser manglande evne til å satse på nærings- og samfunnsutvikling i distrikta, seier fylkesordførar Jenny Følling om regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

Regjeringa føreslår å kutte dei regionale utviklingsmidlane til Sogn og Fjordane med vel 23 millionar kroner, frå 77,36 millionar i år til 54,1 millionar i 2018. Det er ein nedgang på 30 prosent. På landsbasis får Sogn og Fjordane den største prosentvise nedgangen, med Oppland og Nordland på dei neste plassane med 25 prosent reduksjon.

Råkar næringsliv og kommunar

Dei regionale utviklingsmidlane vert hovudsakleg nytta til å vidareutvikle næringslivet, og til å støtte personar som vi starte si eiga bedrift. Ein stor del av midlane går til Innovasjon Norge, og ein del går også til næringsfond i kommunane. Midlane går elles til å utvikle gode næringsmiljø og til prosjekt som skal fremme næringsutvikling og vekstkraftige lokalsamfunn.

– Eit så stort kutt går utover rolla fylkeskommunen har som regional samfunnsutviklar. Vi treng musklar til å fremme utviklinga i fylket. Det vil råke både næringsliv og kommunar i fylket på ein uheldig måte, seier ho.

Fylkesordføraren meiner også at den manglande satsinga på distriktsutvikling er i strid med måla i regionreforma, som er å leggje til rette for at fylkeskommunane skal få styrka utviklingsrolla si.

Ingen tapskompensasjon

Heller ikkje i år har regjeringa lagt inn auka tapskompensasjon i statsbudsjettet. Fylkesordføraren er skuffa, men er klar på at denne kampen må takast på nytt. I fjor kom tapskompensasjonen inn i statsbudsjettet etter forhandlingane i Stortinget. Fylkeskommunen har føresett 22,5 mill. kr i auke i 2018.

– Det er spesielt viktig for Sogn og Fjordane å få auka tapskompensasjonen som følgje av omlegginga i inntektssystemet. Vi er det fylket som samla sett tapar mest på dagens inntektssystem, seier Følling.

Treng større breibandsatsing

Følling trekker også fram reduksjonen i tilskot til breibandsutbygging som eit døme på det ho meiner er regjeringa si manglande satsing på distrikta. Den nasjonale løyvinga går ned frå 138,7 millionar i 2017 til 69,7 millionar i 2018. Sogn og Fjordane fekk 24,1 millionar av løyvinga i år.

– Godt breiband er blitt like viktig som godt telefonsamband og gode vegar. Det er eit viktig infrastrukturtiltak, som bidreg til busetjing, vekst og utvikling i distrikta. Ein million nordmenn manglar i dag godt breiband, då er for dårleg å nesten halvere denne løyvinga, slår fylkesordføraren fast.

Forventar meir rassikringsmidlane

Eit anna viktig tema for Sogn og Fjordane i statsbudsjettet, er kor mykje pengar regjeringa vil løyve til rassikring. Her er berre den nasjonale potten kjent så langt. Regjeringa føreslår å løyve 758,7 mill. kr til rassikring på landsbasis, om lag det same som i fjor. Fylkesordføraren har klåre forventningar til fylkesfordelinga.

– Eg forventar at regjeringa nyttar skredfaktor som hovudprinsipp, altså at dei mest rasfarlege vegane i landet får pengar først, seier ho.

Vegdirektoratet føreslår at fordelinga skal ta utgangspunkt i tiltaka med både høg og middels skredfaktor, for å få ei betre geografisk fordeling av midlane. Følling er djupt ueinig i denne tankegangen.

– Om ein legg eit slikt prinsipp til grunn, betyr det at rassikringsprosjekt med middels skredfaktor går forbi dei med høg skredfaktor. Slik kan vi ikkje ha det. Vi må gjere dei farlegaste vegane i landet trygge først, og så jobbe oss nedover lista etter faregrad, meiner fylkesordføraren.

Finansutvalet i fylkeskommunen vil bli nærare orientert om statsbudsjettet i møte 16. oktober.

Alle dokument og pressemeldingar om statsbudsjettet inn du på statsbudsjettet.no.

Fylkesoversikt for Sogn og Fjordane.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven