Arild F. Nybø

Alle kommunane i fylket skal byggje dagsturhytter. Hytta i Flora kjem på Hatlesetnipa og skal stå ferdig i 2017. Foto: Arild F. Nybø

21 vil teikne dagsturhytte

Fylkeskommune mottok 21 forslag i arkitektkonkurransen for å teikne dagsturhytta for Sogn og Fjordane innan fristen.

– Dette er fantastisk respons. Som idémakar til prosjektet forventa eg  6-8 forslag, men vi har truleg treft noko som fleire vil vere med og utvikle. Det er kjekt. Det er ei positiv problemstilling at det kan bli utfordrande å finn ein kandidat. «Sogn og Fjordane-hytta»  ligg i bunken og ventar på å bli trekt ut, seier Atle Skrede i fylkeskommunen.

No går ei arbeidsgruppe i gang med å vurdere dei innkomne forslaga. Vinnaren vert klar fredag 25. november og vert valt ut etter eit sett med kriterium som først og fremst dreier seg om estetisk, funksjonell og teknisk kvalitet.

Lågterskeltilbod

Alle kommunane i fylket har sagt ja til å byggje ei – eller to – dagsturhytte(r), som skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar. Hyttene skal vere på 15 kvadratmeter og ikkje ha verken varme, straum eller sanitæranlegg.

Det skal vere ein plass for å ete matpakka, byte kle og få litt varme i seg. Hyttene skal også ha eit minibibliotek med nynorskbøker til bruk på staden i hyttene.

– Dette skal bli eit spennande attraksjon i naturen, som kan auke turlyst og leselyst, seier Skrede.

Desse plukkar ut vinnaren

Desse sit i arbeidsgruppa som vel ut vinnaren:

  • Jan Tore Rosenlund, bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen
  • Geir Afdal, bygge- og eigedomstenesta i fylkeskommunen
  • Katrine Røkke Wilson, innkjøpssjef i fylkeskommunen
  • Atle Skrede, nærings og kulturavdelinga i fylkeskommunen
  • Elisabeth Dahle, Forum for natur og friluftsliv (FNF)
  • Pål Fidjestøl, Sparebankstiftinga
  • Erling Bjørnetun, Luster kommune
  • Knut Eldholm, sivilarkitekt/arkitekt MNAL

Fylkeskommunen har teke initiativ til og samordnar prosjektet. Hyttene skal finansierast med spelemidlar og tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

For meir informasjon

Katrine R. Wilson
innkjøpssjef
917 69 150
katrine.wilson@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00