Dronning Sonja kjem til Firda vgs ute gåande på ein veg og blir tatt i mot av alle skuleelevane og barneskuleelevar i Gloppen langs vegen, og blir følgt fram til døra av rektor Hallgeir Hansen og elevrådsleiar Hanne Hjartås med fleir. Gråkald morgon i november. Rektor og dronning snakkar med kvarandre.

Elevar og skuleborn i Gloppen kommune møtte dronning Sonja då ho vitja Firda vgs ein gråkald novembermorgon, her i lag med elevrådsleiar Hanne Hjartås og rektor Hallgeir Hansen. foto: Heidi Hattestein

- Det må vere ein draum å gå på Firda vidaregåande skule!

Det sa Dronning Sonja til elevane då ho delte ut årets skulepris for likeverd og inkludering til tilsette og elevar ved Firda vgs på Sandane. 

Tekst: Heidi Hattestein/BlackStarJournal

28. november var Dronning Sonja på Firda vidaregåande skule i eigen person for å dele ut den høgthengande skuleprisen i hennar eige namn: Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering 2017. 

Dronninga fekk nære og gode møte med elevane i løpet av eit tettpakka program i følge med rektor Halgeir Hansen, kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, juryleiar Inga Bolstad ved Norsk senter for menneskerettar og fylkesordførar Jenny Følling. 

Ho var tydeleg imponert. 
- Det viser i ansikta dykkar at de har det godt her på skulen, sa ho fleire gonger. 

Skulen ser heile eleven


Dronning Sonjar står på scena i kultursalen ved Firda vidaregåande skule, scena er lyssatt. Dronninga avdukar eit kunstverk på staffeli, sitt eige trykk, på venstre side står elevrådsleiar Hanne Hjartås og rektor Hallgeir Hansen, til høgre juryleiar Inga Bolstadved. Anledninga er overrekkinga av Dronning Sonjas skulepris for likeverd og inkludering til Firda vidaregåande skule.

Dronning Sonja avdukar sitt eige kunstverk under overrekkinga av prisen. Til venstre: elevrådsleiar Hanne Hjartås og rektor Hallgeir Hansen, til høgre juryleiar Inga Bolstad. Foto: Heidi Hattestein

Firda vidaregåande skule får prisen for arbeidet med å inkludere og integrere, ikkje berre unge hybelelevar og andre jamnaldrande elevar, men også vaksne flyktningar i Gloppen kommune. Under slagordet «Meir enn ein skule» tenker dei på heilskapen rundt eleven. Skulen skal vere ein god plass i skuletida, men også på ettermiddagane og kveldane. Det er open skule med mat og tilgang på studierom, musikkinstrument med mykje meir. Skulen viser elevane tillit, og elevane svarer med å ta ansvar. Det er ein god sirkel. 

Rektor Halgeir Hansen seier at prisen betyr uendeleg mykje for alle som jobbar og står på. Men gjevast av alt er det at dronninga overrekker prisen sjølv. 
- Det er enormt stort for oss at Dronning Sonja tar seg tid til å komme hit og gjere stas på oss. Dette er ein pris til alle: lærarar og andre skuletilsette, Sogn og Fjordane fylkeskommune som skuleeitar, Nav, Gloppen kommune og - ikkje minst - elevane sjølve, seier rektoren.

Jenny Følling hadde på seg fylkesordførar-kjedet på den store dagen. 
- Denne prisen er ei stor anerkjenning av Firda vidaregåande skule og av fylkeskommunen som skuleeigar. Skulen har vore satsa på og jobba godt med i mange år, og dette arbeidet gir resultat, seier fylkesordføraren. 

Eit eksempel for andre 


Dronning Sonja sit midt blandt tilsette ved Firda vidaregåande skule ved kaffebord inne på skulen, ho gestikulerer og pratar blidt.

Dronninga hadde gode og nære møte med både tilsette og elevar ved skulen ved vitjinga. Foto: Heidi Hattestein

Inga Bolstad er leiar for juryen som har plukka ut Firda vidaregåande skule blant mange gode kandidatar til skuleprisen. 

- Etter dette besøket er eg endå sikrare på at vi har valt riktig vinnar. Skulen arbeider langsiktig og kunnskapsbasert. Det gir håp for framtida. Firda vidaregåande skule er ein rollemodell for andre skular som ikkje er fullt så modige, og som ikkje har ein fullt så modig fylkeskommune i ryggen, sa ho under prisutdelinga. 

Juryen har spesielt bite seg merke i den såkalla Gloppen-modellen, eit utdanningstilbod for vaksne minoritetsspråklege som er utvikla i samarbeid mellom Firda vidaregåande skule, Nav og Gloppen kommune.

Situasjonen var at Firda vidaregåande skule hadde ledige skuleplassar i helsefag, og kommunen - som har busett flyktningar i fleire år - opplevde at flyktningane flytta vidare etter introduksjonskurset fordi dei ikkje fekk jobb. Korleis snu denne situasjonen? Det var spørsmålet som tilsette på skulen, Nav og kommunen stilte seg sjølve og ikkje minst dei det gjeld, dei som er nye i landet vårt. Og svaret dei kom opp med er like enkelt som det er genialt: Meir praksis frå dag éin. 

Tradisjonelt består helsefagutdanninga av to år med teorifag, før ein går ut i ein to-årig praksis. Det krev godt språk og gode studievanar, mildt sagt ein høg terskel å stige over. Firda vidaregåande skule har snudd heile utdanningsløpet på hovudet: I starten av studiet er skuleveka delt inn i tre dagar praksis og to dagar teori med fokus på norsk og helsefag. Seinare kjem tyngre teorifag på timeplanen, men då har studentane den språkforståelsen og dei studievanane som skal til. 

Det er vinn-vinn for alle partar: Skulen får fleire elevar, handplukka etter intervju med den enkelte. Kommunen får kvalifiserte helsefagarbeidarar til ledige stillingar. Og flyktningane får både språkkunnskap og formell utdanning, i tillegg til eit nettverk som gjer at dei kan trivast i det nye livet sitt. 

Møte med dronninga på sengekanten


Dronning Sonja handhelser på elev ved helsefag på Firda vidaregåande skule, dei står i undervisningsrom ved ei sjukehusseng der det ligg ein elev, to andre elevar står også ved senga.

Jacob Duden (til venstre) og Hayat Bashari er elevar ved helsefag på skulen, og fekk møte dronninga i klasserommet. Foto: Heidi Hattestein

Dronninga fekk møte fleire av dei rundt tjue helsefagstudentane. Ho fekk ein god prat med Hayat Bashari (31) som hadde rolla som sengeliggande pasient i samband med besøket. Hayat er frå Sudan og har budd på Sandane i to år. Ho begynte på studiet no i haust.

- Eg studerer helsefag fordi eg vil jobbe med folk, gjerne eldre, og eg veit at Gloppen treng fleire helsefagarbeidarar. Det er ein stor fordel at eg lærer norsk veldig fort, seier ho - på veldig godt norsk.

Kommunen følger opp med praksisplassar til studentane. 
- Gloppen er toppen når det gjeld å stille opp med praksisplassar, skryt lærar Liv Klepaker Søreide som i pur glede og letting fell om halsen på lærarkollega Anette Aske så snart det storfine besøket forlèt praksisrommet. Alt gjekk fint! 

Staseleg prisutdeling

Sjølve prisutdelinga gjekk føre seg i kultursalen med eit rikhaldig musikk- og danseprogram, kort fortalt det beste skulen har å by på. Prisen består av eit diplom, 250.000 kroner og eit trykk laga av Dronning Sonja sjølv. Det skal henge på heidersplass på skulen. 

Ei rørt Dronning Sonja avduka sitt eige trykk på scena. 

- Eg håper mange vil følgje det eksempelet de gir. Stå på vidare!, var dei oppmuntrande orda frå den hjartevarme dronninga.

Heile grunngjevinga for pristildelinga kan du lese her.

For meir informasjon

Jeny Følling
fylkesordførar, Sogn og Fjordane
479 05 990

Hallgeir Hansen
rektor, Firda vidaregåande skule
hallgeir.hansen@sfj.no
 415 30 885

Bekka Skaasheim
fylkesdirektør for opplæring
bekka.skaasheim@sfj.no
415 30 956

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00